Daniel Kvammen

Augu Lyrics







Augu store som planetar

Dei rommar alt eg ser

Men sjølv om eg igjen dei lukkar

Så gløymer aldri eg



Og det er så tungt å tenke på det

At ikkje noko lenger overraskar meg

Og mista taket på kvar einaste idé

Og det døyver meg



Eg ser berre ekstrema

Det betyr ingenting for meg

Eg berre siktar inn og trekk av

Tenkjer på mitt neste steg



Og det er så tungt å tenke på det

At ikkje noko lenger overraskar meg

Og mista taket på kvar einaste idé

Og det døyver meg



Så alt for mange liv å leva

Men berre eitt som er til for meg

Så alt for mykje å forstå seg på

Til helvete med det



Og det er så tungt å tenke på det

At ikkje noko lenger overraskar meg

Og mista taket på kvar einaste idé

Og det døyver meg