Wardruna

Lyfjaberg Lyrics

Sal din hug og lat den ri og renna

Med blinde augo vil du vegen finna

Djupt du dreg anden inn, let tankar svinna

Langsamt slepp anden fri, i vinden rida



Spinn spindel, tvinn i tankar, kverv i syn

Seidsongen, lint den lokkar hug or ham

Fram gjøno døri, gjøno kongro-sløri

Fram, ber med bare føt, den tunge børi



Ut in ditt indre ventar bratt ein sti

Høgt der på Lyvjarnut stend møyar ni



Ved fyrste stad der stiar krossar, biar du

Legg frå deg kleda, alt du eige med

Der du er på veg, er dei til ingen nytte

Børa letnar, framom ventar tyngre veg



Ved andre stad der stiar krossar, biar du

Legg frå deg tida, tunge tankar med

Der du er på veg, er dei til ingen nytte

Børa letnar, framom ventar tyngre veg



Ved tridje stad der stiar krossar, biar du

Legg frå deg reidsle, legg di maske ned

Der du er på veg, er dei til ingen nytte

Børa letnar, framom kjem dei tyngste steg



Nakjen der på nuten, kjenner berget deg

Nordre slær si ørnevengje, vinden dreg

Kring deg fær kvendeskuggar dansande

Ramme runar, mæl og manar, yve deg



Sott og sår

Or marg og bein

Or kjøt og blod

Or hold og skinn

I vær og vind

Ut du svinn

Eg manar deg inn i berget blå

Der korkje sol ell måne skin deg på

Eg maner til skogen der ingen bur

Og til den sjø som ingen ror

Djupt under jordfast stein

Til ingens mein

Gjønom elva renna

Havet venda



I vær og vind

Ut du svinn

Korkje sol ell måne

Skin deg på

Synk i den sjø som

Ingen ror

I elva renna

I havet venda



Lyvjaberg hev alltid stende

Til trøyst for sjuk og såra

Kvar og ein som berget kliv

Lækjast for livslang sott



Legg den att på Lyvjaberget

Hødgi der åar alle

Buktar støtt seg nord og nedan

Bergar den som berget maktar